Del V » Vurdering av framtidsutsikter

Vurdering av framtidsutsikter

I 2017 og framover er det enkelte fagområde og prosessar i Utdanningsdirektoratet som vil krevje særleg merksemd.

Fagfornying

I 2017 startar arbeidet med å fornye alle faga i grunnskolen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring, jf. Meld. St. 28. Målet med arbeidet er å leggje betre til rette for elevane si djuplæring og forståing. I tillegg til ein ny generell del skal kjerneelementa i fag definerast – noko som skal gi ei betre prioritering i faga. Det er òg vedteke tre tverrfaglege tema som skal vere sentrale i dei faga der desse tema har ein relevans. Tverrfaglege tema og grunnleggjande ferdigheiter skal ein sjå i samanheng med kjerneelementa i faga.

Utdanningsdirektoratet har sett ned ei prosjektgruppe som skal organisere og drive fram arbeidet med fagfornying i tett samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Det blir lagt særleg stor vekt på involvering av partane, fag- miljøa og sektoren i arbeidet, jf. departementets strategi for fagfornying.

Læringsmiljø

Alle barn og unge skal ha gode og trygge barnehage- og skolemiljø utan mobbing og andre krenkingar. Utdanningsdirektoratet har fleire innsatsområde for å medverke til at barnehagemyndigheiter, barnehageeigarar og skoleeigarar har kompetanse og kapasitet til å sikre rettane til barn og unge.

Direktoratet gir barnehagemyndigheiter, barnehage- eigarar, barnehagar, skoleeigarar og skolar tilbod om målretta og differensiert kompetanseutvikling. Vi har tre tilbod som alle omhandlar førebygging, avdekking og handtering av mobbing. Andre tema er inkluderande miljø, regelverk, organisasjon og leiing og tverrfagleg samarbeid. Målet med alle tre tilboda er å styrkje regelverkskompetanse og pedagogiske kompetanse hos eigarar, myndigheiter, barnehagar og skolar for å skape inkluderande miljø i barnehagar og skolar, og å førebyggje, avdekkje og handtere mobbing og andre krenkingar.

Dei tre tilboda om kompetanseutvikling inneber ulik grad av ekstern støtte. I Læringsmiljøprosjektet får kommunane, barnehagane og skolane som deltek, bistand frå eksterne rettleiarar. I Inkluderande barnehage- og skolemiljø får kommunane økonomisk støtte til å delta på regionale og nasjonale samlingar. Dei får òg støtte til å frikjøpe lokale ressursperson(ar) som skal følgje opp så vel lærande nettverk som barnehagebasert og skolebasert kompetanseutvikling lokalt. Det tredje tilbodet er eit nettbasert tilbod. Det skal utviklast i 2017 og vere klart i 2018.

Implementering av ny rammeplan

Utdanningsdirektoratet skal saman med fylkesmennene medverke til implementering av den nye rammeplanen for barnehagen. Det blir viktig å oppdatere satsingar, strategiar og tiltak som er sette i verk, slik at dei er i tråd med og medverkar til å fremje innhald og ambisjonar i den nye rammeplanen. Først og fremst ønskjer vi å medverke til at det blir sett i verk lokale refleksjonsprosessar når den nye rammeplanen ligg føre, og vi vil følgje med på kva for behov for støtte- og rettleiingsmateriell som melder seg. I august 2017 skal det lanserast ei ny vising av rammeplanen på Udir. no, og oppdatert rettleiings- og støttemateriell skal liggje føre. Implementeringa av den nye rammeplanen må ein sjå i samanheng med revisjonen av kompetansestrategien for framtidas barnehage. Denne strategien skal medverke til at dei tilsette i barnehagen har den nødvendige kompetansen til å realisere intensjonane i den nye rammeplanen. I løpet av våren 2017 set vi i verk ei evaluering som skal følgje implementeringa tett, og som skal gi eit godt kunnskapsgrunnlag for å setje i verk og justere tiltak som skal støtte implementeringsprosessen. Det er ønskeleg at forskingsressursar knytte til barnehagar blir konsentrerte om å følgje rammeplanen, og at ulike forskingsoppdrag blir knytte saman rundt dette.

«Ny teknologi og nye måtar å bruke teknologien på vil etter alt å dømme påverke både kva for oppgåver direktoratet vil ha, og korleis vi løyser dei.»

Digitalisering

Ut frå den utviklingstakten vi ser, og dei endringane teknologiutviklinga fører til på alle samfunnsområda, må vi òg forvente at oppgåvene til direktoratet vil endrast som følgje av digitaliseringa. Ny teknologi og nye måtar å bruke teknologien på vil etter alt å dømme påverke både kva for oppgåver direktoratet vil ha, og korleis vi løyser dei.

Direktoratet har gjennom fleire år digitalisert sentrale funksjonar for å oppnå effektivisering og auka kvalitet i oppgåveutføringa. Mange av desse tenestene gir størst gevinst ute i sektoren. Direktoratet har ikkje eit stort volum med einsarta saksbehandling som med etablert teknologi lett kan automatiserast og gi store interne innsparingar. Ny teknologi kan likevel i dei kommande åra opne for digitalisering av andre typar oppgåver enn det som i dag er realistisk. Kva for område og oppgåver som skal digitaliserast, må likevel styrast ut frå kost-/nyttevurdering i samsvar med måla for direktoratet og nasjonale føringar i Meld. St. 27 (2015-2016) - Digital agenda.

Indirekte kan teknologiutviklinga påverke direktoratet som følgje av endringar i innhald og rammefaktorar i opplæringa. Når samfunnet blir meir digitalisert, blir òg krava til barn og unge sine kunnskapar, ferdigheiter og haldningar endra. Samtidig utfordrar nye teknologibaserte læringsmetodar, hjelpemiddel og vurderingsformer gjeldande regelverk, kompetansekrav og etablert praksis. Dette vil òg påverke kva for problemstillingar dei nasjonale utdanningsmyndigheitene må innrette seg etter.

Organisering

Svein Gjedrem og Sven Ole Fagernæs overleverte rapporten Kunnskapssektoren sett utenfra til kunnskapsministeren i januar 2016. Sjølv om det førebels ikkje er gjort noko vedtak om korleis det statlege nivået i kunnskapssektoren skal organiserast, vil det komme endringar som får verknad for direktoratet i større eller mindre grad.

Eventuelle organisasjonsendringar gir nokre moglegheiter som er reflekterte i organiseringsprosjektet sine kriterium for val av modell. Dei kan gjere det mogleg å betre mål oppnåing i sektorane, få ei effektiv forvaltning/oppgåveløysing og gi lokalisering av fleire oppgåver og tenester utafor Oslo. Det vil òg vere risiko knytt til faren for at positive kvalitetar ved noverande verksemder kan gå tapt i prosessen, og at sjølve omorganiseringa kan beslagleggje mykje av ressursane i verksemdene i ein overgangsfase. Direktoratet vil leggje til rette for å realisere moglegheiter og redusere risikoen, uavhengig av kva for ein modell som blir vald.