Del II » Samfunnsoppdrag

Vårt samfunnsoppdrag

Utdanningsdirektoratet har eit overordna forvaltningsansvar for barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring.

VÅRT SAMFUNNSOPPDRAG

Udir har eit overordna forvaltningsansvar for barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring. Direktoratet skal sikre at norsk utdanningspolitikk blir sett i verk og følgd opp, og at barn, ungdom og vaksne sine rettar til eit likeverdig tilbod i barnehage, skole og opplæring blir tekne vare på.

Det er mange aktørar som har ansvar for å realisere ambisjonane i utdanningssektoren. Sektormåla beskriv kva vi skal oppnå saman. Udir står mellom Kunnskapsdepartementet og barnehage- og skoleeigarane. Vi har ansvar for å utvikle og bruke verkemiddel slik at barnehage- og skoleeigarane har kompetanse og kapasitet til å nå måla.

Stortinget har formulert sektormåla på denne måten:

Mål for barnehagen:

  • barnehagar med høg kvalitet som fremjar trivsel, leik og læring
  • eit tilgjengeleg barnehagetilbod for alle barn
  • føreseielege rammevilkår som medverkar til mangfald og likeverd i barnehagesektoren

Mål for grunnopplæringa:

  • elevane skal meistre grunnleggjande ferdigheiter og ha god fagleg kompetanse
  • elevane skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø
  • fleire elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring


Som fagorgan har vi ansvar for å bidra med utgreiingar, utvikle og formidle relevant og påliteleg kunnskap til sektoren, departementet og den politiske leiinga og har òg ei fagleg rådgivingsrolle. Udir gir innspel til ulike statsbudsjett- og stortingsdokument.

Direktoratet har som ei av sine hovudoppgåver å forvalte og utvikle læreplanar for skolen og implementeringa av rammeplanar for barnehagen. Vi utarbeider sentralt gitt eksamen og nasjonale prøver for norsk grunnskole og vidaregåande opplæring og er ansvarleg for sjølve prøvegjennomføringa og sensuren. Ein stor del av arbeidsinnsatsen er retta mot rettleiings- og støttearbeid mot sektoren – fagleg, juridisk og teknisk. Tilrettelegging av elektroniske verktøy for kvalitetsutvikling i eiga verksemd, frå barnehage til skoleeigar, er til dømes ein sentral del av dette.

Udir fører tilsyn med kommunen som barnehagemyndighet, barnehageeier i særlige tilfeller og frittståande skolar, og har ansvar for å forvalte og tolke lovverket knytt til barnehagar og skolar i Noreg.

Dei siste åra har direktoratet – i samarbeid med universitet og høgskolar – stått ansvarleg for å tilretteleggje etter- og vidareutdanningstilbod for tilsette i barnehagar, skolar og PP-tenesta. Dette som eit tiltak i det politisk initierte Lærarløftet.

Tilskotsforvaltning er eit anna arbeidsfelt Udir har ansvar for, og som budsjettmessig er vår største budsjettpost.

Underliggjande verksemder og samarbeid med andre etatar

Udir har på mange område ingen direkte innverknad på kvardagen i barnehagane eller skolane, og vi nyttar oss derfor av utstrekt samarbeid med andre aktørar som jobbar tettare opp mot barnehagane og skolane. I nokre samanhengar må vi òg samarbeide med verksemder på tvers av fagfelt, til dømes med helsevesenet og barnevernet.

Vi løyser oppgåvene våre ved å bruke eigne faglege ressursar og fagkompetanse i verksemder som vi har eit styringsansvar for. Dette omfattar Statped, styra i dei statlege samiske skolane, fylkesmannsembeta sin utdanningsadministrasjon og dei nasjonale sentra.

Statped

Statped er ei nasjonal verksemd som gir spesialpedagogiske tenester, først og fremst til kommunar og fylkeskommunar. Statped skal støtte barnehageeigarar og skoleeigarar med å gi barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov ei inkluderande og tilpassa opplæring. Tenestene kan òg vere individretta i spesielle tilfelle.

De statlege samiske skolane

Styra i dei statlege samiske skolane har som hovudmålsetjing å halde ved like og vidareutvikle samisk identitet, språk og kultur.

Fylkesmannen

Fylkesmannen er statens representant i fylket. Fylkes- mannen skal ta vare på rettstryggleiken til innbyg- gjarane gjennom tilsyn, informasjon, rettleiing og klagesaksbehandling, og dei skal gi statleg støtte til barnehageeigarar, skoleeigarar, lokal barnehagemyndigheit og andre aktuelle målgrupper i fylket.

Dei nasjonale sentra

Dei nasjonale sentra skal medverke i gjennomføringa av den nasjonale utdanningspolitikken og vere ein ressurs i arbeidet med nasjonale satsingar. Oppgåvene er knytte til dei overordna måla i barnehagesektoren og opplæringssektoren.


Dei nasjonale sentra er:

  • Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring
  • Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa
  • Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa
  • Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking
  • Nasjonalt senter for læringsmiljø
  • Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet
  • Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa
  • Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
  • Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking


Dei nasjonale sentra utarbeider støtte- og rettleiingsmateriell innafor sine fagområde.

Samarbeid med andre sektorar

Udir jobbar saman med fleire andre direktorat på område som kryssar faggrensene. Eit døme på dette er 0-24-samarbeidet for utsette barn og unge.

Direktoratet er ein del av Direktørnettverket der 10 direktorat innanfor «velferdssektoren» er representerte. Nettverket sitt formål er mellom anna å bidra til dialog og samarbeid på tvers av sektorane.

Tilknytningsform

Utdanningsdirektoratet (Udir) er eit ordinært statleg forvaltningsorgan (bruttobudsjettert verksemd) under Kunnskapsdepartementet (KD). Vi har òg etatsstyringsansvar for Statped, ein organisasjon med rundt 800 tilsette, og dei tre statlege samiske skolane. Vidare har vi etatsstyringa av utdanningsadministrasjonen hos Fylkesmannen og fagstyringa av 10 nasjonale senter.